Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Tokke Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.

Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Tokke Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Ved Tokke Frivilligsentral er me opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis me behandlar dine personopplysingar. I denne personvernerklæringa informerer me om korleis me hentar inn, lagrar og brukar personopplysingar. Vårt mål er å vere heilt opne om dei data me samlar inn og gje deg forståing av korleis desse dataa brukast og evt. delast.

Kva slags opplysingar me samlar inn og behandlar

Informasjon om våre frivillige

Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Difor har me eit register over dei frivillige, der dei frivillige gjev sitt samtykke til lagring av fylgjande opplysingar:

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
  • Kva slags aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva slags oppdrag den frivillige deltek på

Frivillige som ynskjer det, får tilgang til å logge inn på systemet, og kan då sjå kontaktopplysingar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å forenkle kontakten mellom dei frivillige.

Me sørger for at alle våre frivillige skriv under teieerklæring og hentar inn politiattest for dei som skal arbeide med born og ungdom. I vårt register lagrar me informasjon om teieerklæring og politiattest.


Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar

Når me formidlar frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng me å ha kontaktinformasjon om dei som tek imot tenestene. Dette vert gjort for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvera og for å levere ei god teneste.

Informasjon om våre deltakarar

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng me av og til å vite kva for personar som deltek. Her lagrar me for det meste kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som besøker nettsidene våre

For dei som besøker våre nettsider, samlar me inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Me nyttar Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressa anonymiserast ved at me slettar den siste siffergruppa. All kommunikasjon føregår over sikkert samband med https.

Informasjon om dei me er i kontakt med

Me lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei me er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tek me vare på inn- og utgåande e-postar for arkivbehov. Me har ikkje eit sentralbord, men brukar ein mobiltelefon som hovudnummer.


Kven delar me personopplysingar med?

Me delar informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der me meiner det er naudsynt. Elles delar me ikkje personopplysingar med nokon utanfor frivilligsentralen.


Dine rettar

Personar som har personopplysingar hos Tokke Frivilligsentral kan be om fylgjande:

  • Få tilgang til personopplysingar me har om vedkomande
  • Slette opplysingar som me ikkje lenger har grunnlag til å oppbevare
  • Avgrense eller stoppe behandlinga av dine opplysingar

Ta gjerne kontakt med oss viss du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nedst i dokumentet.

Viss du meiner at me behandlar personopplysingar i strid med personopplysingslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at me kan svare på dine spørsmål eller avklare eventuelle misforståingar.


Kontaktinformasjon

  • Tokke Frivilligsentral
  • Org.nr: 921524226
  • Kontaktpersonar
    • Tage Krogstad, dagleg leiar
    • Ellen Ofte Jakobsen, styreleiar
  • Telefon: 992 02 501
  • E-post: tokke.frivilligsentral@gmail.com
  • Adresse: Hotellvegen 42, 3880 Dalen
2024 © Tokke Frivilligsentral